








Meretes Garden
Meretes Garden er eit idyllisk velvære – og retreat senter som tek imot gjestar på overnatting, yoga og spa. Senteret er omgjeve av vakker natur – elv, mark og skog. Her er hage, uteplass med grill og solstolar. Meretes Garden ønsker å bidra til eit berekraftig reiseliv. For vår del betyr det å ha fokus på å ta vare på naturen og omgjevnadane på best mogleg vis. Gjennom å etablere hagar og dyrke mat utan bruk av kjemiske sprøytemiddel, plante vekster som insekt treng for å trivast, gjenbruk av bygningar, kildesortering mm., er vi med på å ta vare på jordkloda vår. Vi har bygt gjestehus med bruk av mest mogleg naturlege materiale og etablert glamping camp med økologiske bomullstelt som gjestane kan bu i frå mai- oktober. Fasilitetane er nye og topp moderne. Tett på campen er her eit badehus som rommar dusj, wc og spa tilbod. Nytt og moderne gjestekjøkken og opphaldsrom som leiar ut eit gladrivhus for yoga, og vidare ut i den japanske hagen med karpedam. Estetikk og unik atmosfære er stikkord som beskriv heile senteret. Du får med andre ord mykje meir enn berre ei vanleg overnatting når du bur hos oss.




















